torsdag, desember 17

Bokmelding: Skammarteiknet
Forfattar: Lene Kaaberbøl
Forlag: Samlaget
Utgjevelsesår: 2001
Sider: 288
Terningkast av bokanmelderen:

”Skammarteiknet” er den andre boka i Skammarserien. Hovudpersonane i teksten, Davin og Dina, er sysken, og dei har flykta frå Dunark og opp i høglandet saman med mor si, Nico (den rettmessige fyrsten av Dunark, som har fått fråstole sin plass av Drakan), og Rosa (tenarjenta). Mor til Davin og Dina er ein skammar som kan få folk til å røpe sine innarste løyndommar bare ved blikkontakt, og får dei til å skamme seg over sine misgjerningar. Mora blir ofte tiltala som ”Medama”, som tyder ”kongelege høgleik”. Den spesielle skammareigenskapen har også dottera Dina arva.
Skammaren og ungane hennar flykte frå låglandet til høglandet, i den tru at familien er tryggare på høglandet. Men ein dag blir mora og Dina lurt med på tur, og dei blir utsette for bakhaldsangrep. Mora blir skutt av ei pil, og strevar for å overleve, og sonen Davin bestemmer seg for å drepe gjerningsmannen med sin kjæraste eigendel; eit sverd. Davin blir hardt skada i slaget, og held på å bli drepen når Dina kjem han til unnsetning. Det visar seg at personen Davin trudde var gjerningsmannen, var uskuldig, og at mannen bak angrepet på Skammaren er ein langt farligare person som utnytter seg av kva som helst for å vinne land og landområde. Fyrst Drakan og drakehæren hans får meir og meir makt, og det finnes ikkje ein stad som er trygg for Skammaran og barna hennar. Når Dina og ein rikmannsson forsvinn, byrjar familie, slekt og vener å lure på om dei verkeleg var så trygge på høglandet som dei fyrst trudde.
Eg likte denne boka veldig godt. Boka er mystisk og passar inn i sjangeren mellom eventyr og reality. Boka er hovudsakelig tilpassa barn frå 10-14 år, men den passer også for ungdommar heilt opptil 18-års alderen. Dette er ein bok for dei som liker Harry Potter - og Ringenes Herr e-seriane, sett bort i frå at denne boka inneheld lite magi og ingen alvar. Forfattaren bruker mange miljø- og personbeskrivingar, noko som gjer oss eit godt bilde av sted, tid og handling. Forfattaren har skreve boka slik at den fenger lesaren frå begynninga, og held interessa ved like gjennom dei hele 288 sidene. Eg anbefaler absolutt boka, og gjer den terningkast fem.

1 kommentar:

  1. God bokmelding. Godt resyme av hovudinnhaldet i romanen, og du gjer og godt greie for kvifor du meiner at den er verdt å lese for andre og, bra.

    SvarSlett